Lukk

Login lærar

 

Login lærar

Visjon

Eid ungdomsskule ønskjer å vere ein skule der elevar og lærarar har eit godt arbeidsmiljø.
Elevar og lærar bør ha lyst til å ta til på skuledagen, og gå heim med ei kjensle av at dei har brukt evnene sine til det beste for seg sjølv og andre.
Skulen skal tilføre elevane haldningar og kompetanse som kan vare livet ut, og legge fundamentet for ny dugleik som trengst i eit samfunn i rask endring.

Jente- og gutedag

Tysdag 24.januar hadde 8. trinn ein dag der miljøarbeid stod i fokus. Elevflokken var stort sett delt inn i gutegrupper og jentegrupper heile dagen, men den siste økta var ei fellesøkt. Programmet denne dagen var delt inni tre ulike aktivitetar.

  • bilbygging: elevgrupper a' tre elevar bygdde  bil av kartong
  • rollespel: temaet var inkludering
  • grenselaust: elevane fekk ulike funksjonshemmingar og skulle gjennom samarbeid kome seg rundt ei spesiell løype. Her var det mange utfordringar som måtte løysast!

I siste økta var ein samla og hadde billøp og kåring av vinnarar. Stemninga og innsatsen var stor. Smile Til slutt var det allsong i auditoriet av m.a. songen "Bestevænnar". Det var ein kjekk og lærerik dad der inkludering og samarbeid var i fokus.

Brubygging

8.trinn_98c_brubygging_006

8.klasse har jobba med ulike samarbeidsprosjekt i det siste!

8c er ferdig med å bygge bruer (sjå fotoalbum) og 8ab skal gjere dette no framover. Tysdag skal 8abc ha jente-/gutedag Cool

Søknad til vgs. - samtale med rådgjevar

I samband med søknad til vgs., har alle elevane i 10. klasse tilbod om å snakke med rådgjevar. No har alle som ønskjer ei slik samtale, fått innkalling.

Om det er nokon som ikkje har fått innkalling, eller om det er nokon som har ombestemt seg og ønskjer ei slik samtale, er det sjølvsagt berre å ta kontakt.

Peder

Søknad til vgs.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har laga til ein folder med informasjon om søknad til vidaregåande skule.
Når skulen får denne folderen, vil kvar elev i 10. klasse få eit eksemplar. Denne folderen skal ha blitt sendt ut i løpet av veke 2.

Digital utgåve av folderen finn du her.

Juleprogram på film!

Like før juleferien hadde 9.klasse som kjent framsyning av det flotte juleprogrammet sitt i Operahuset. Denne framsyninga vart filma, og vi har no fått ordna til ein DVD med alle innslaga. Det er ikkje akkurat HD-kvalitet på opptaket, men det fungerer i massevis!
Om nokon har lyst på ein kopi kan dei kontakte ein av lærarane på 9.trinn. 
Vi tek 30 kroner pr. kopi av plata, pengane går sjølvsagt til klassekassene på 9.trinn.

Eid ungdomsskule
Skulevegen 75
6770Nordfjordeid
Tlf. 57863750
e-post: postmottak.eus@eid.kommune.no